Tag Archives: treverk

Sortering av boss

I heile Noreg er det eit bra tiltak å sortere bosset, men ulike stadar har ulike måtar å sortere bosset på. Den beste måten for ein Bergensar å lære seg korleis bosset skal sorterast og kvar det skal leverast, er å vitje BIR sine heimesider bir.no.  På BIR kan du og søkje på kva slags boss du skal sortere, kvar du må kasta det, og mykje mykje meir. Skal du til ein annan stad i Noreg kan du vitje heimesida Sortere. Vi har skrive nokre tips her.

BIR har tre attvinningsstasjonar i Bergen. Der kan du levere større og mindre gjenstandar frå rydding i garasje og loft. BIR set ut innsamlingskontainarar for papir, glas, hermetikk og plast. Desse returpunkta er merka av på kartet i midten av heftet. Dersom du finn ein full innsamlingskonteinar, ring BIR sitt kundesenter på tlf  815 33 030 slik at dei kan skunde seg å tøme han (etter kl. 16 ringjer du vakttelefonen på tlf  951 02 220). For utfyllande informasjon, sjå bir.no.

BIR sine attvinningsstasjonar i Bergen:

Åsane, Salhusveien, tlf 55 52 71 50

Bergen sentrum, Møllendalsveien 31, tlf 55 52 71 47

Fana, Espehaugen, tlf 55 52 71 55 (har også brukthall)

Papir

  • Dersom du har ein eigen behaldar for papir og ynskjer ein større, kan du ringe BIR sitt kundesenter og få dette gratis. (Innbyggjarar i sentrale strøk av Bergen sentrum har ikkje eigen papirbehaldar, men må nytte seg av returpunkt.)
  • Ikkje kast tilgrisa papir, eller papir med plastlag (t.d. bøker limt i ryggen, vinduskonvoluttar og tørkepapir) i behaldaren
  • Drikkekartongar skal skyljast i kaldt vatn, brettast og pakkast i kubbar. Både dei med plast/aluminiumsbelegg og dei med plastkork/skrukork kan attvinnast
  • Dersom du kun har restavfallsbehaldar heime, kan du ta med papiret til eit returpunkt. Søk på bir.no for å finne ditt næraste returpunkt.

Glas og hermetikk

  • Hermetikkboksar, aluminium og metallokk skal kastast i igloen saman med glaset. (Sjå bir.no for å finne igloen nærast deg).
  • Ikkje krystall, porselen, keramikk eller lyspærer.
  • Skil alltid metall og glas frå kvarandre, (t.d. ved å skru metallokk av glaset).

Plast

  • Vaska plast og isopor kan leverast på attvinningsstasjonane, ved dei fleste kjøpesentera og ved enkelte returpunkt.(Sjå bir.no).
  • Ikkje lever emballasje som kun er delvis laga av plast eller plast som ikkje er emballasje (t.d. leiker kulepennar osv.)
  • Mange plastflasker er panteflasker, pant d­es­se i butik­ken! Andre plast­flasker kan leverast til BIR sine konteinarar. Papire­tikettar kan stå på.

Kompost

  • Kanskje du kan starte med heimekompostering eller ha felles kompost i burettslaget.
  • Alle som komposterer i godkjend varmkompostbinge, får rabatt på renovasjonsgebyret.

Treverk
Leverast på ein av BIR sine attvinningsstasjonar (bir.no).

Tøy
Klede og andre tekstilar kan leverast hos Fretex, nokre loppemarked eller liknande butikkar (Sjå til dømes FRETEX sine heimesider.)

Telys

Har du kasta telys i bosset? Telys kan og attvinnast. Aluminiumen frå Noregs årlege telyskjøp kan verte 30 000 syklar (Aftenposten 2012). Med attvinning kan vi spare heile 95 % av energien sammenlikna med framstilling av heilt nytt metall. Les meir her.

Legg igjen en kommentar

Filed under Boss